Partirekneskap, rekneskapssystemet for politiske partiledd
No er første versjon av Partirekneskap opna for bruk for alle politiske partiledd i Noreg. Rekneskapsprogrammet skal lette arbeidet for dei politiske partiledda og er laga for sikre korrekt bokføring etter partilova.
Kva er Partirekneskap?
Partirekneskap er eit verktøy for rekneskapsførarar i dei ulike politiske partiledda kan bruke, for sikre god og korrekt bokføring av partileddet sitt rekneskap. Det er lagt til rette for at partiledda kan kople eigen kontoplan opp mot kontoplanen som gjeld for rapportering etter partiloven.
Det å ha eit skreddarsydd rekneskapssystem for politiske partiledd, sikrar god oversikt over økonomien i partileddet, og gjer det enkelt å ta ut rapportar undervegs i løpet av rekneskapsåret. Informasjon om partileddet sin rekneskap sikrar krava i partiloven samtidig som det finst tilgjengeleg for framtidige økonomiansvarlege i partileddet.
Partirekneskap skil seg frå andre rekneskapsprogram på mange måtar, og bygger på Kommunal og distriktsdepartementet, KDD, sin rekneskapsmal «Årsrekneskap etter art og balansetal for rekneskapsåret» når det gjeld føring av inntekter og kostnader. Kontoplanen er harmonisert med rekneskapsmalen som er i bruk til innrapporteringa til Statistisk sentralbyrå, SSB. Kontoplanen er også fleksibel slik at partiledda kan legge inn eigne underkontoar der dei finn det formålstenleg, og er vidare utforma slik at den ivaretek det offentlege sine krav til aggregerte rekneskapsdata og presentasjonsform.
Kontoplanen inneheld også eit sett med aktivitetskodar, og desse skal sikre at det blir gjort greie for bruken av for eksempel midlar gitt som bidrag, offentlig støtte eller anna. Det er interessant for ein bidragsytar å vite om midlane blir brukt som avtalt, til valkampmateriell eller andre partiaktivitetar.
Kravet til transparens i høve til partiledda sine inntekter er godt ivareteke, og Partirekneskap passar på terskelverdiane og legg til rette for korrekt bidragsrapportering. All bokføring skjer på ein slik måte at transaksjonane blir sporbare, og sikrar ein rekneskap ført etter god bokføringsskikk.
Kven står bak Partirekneskap?
KDD hadde lenge sett behovet for eit skreddarsydd rekneskapssystem for politiske partiledd, då etablerte system ikkje handterer bokføring etter partiloven på nokon fullgod måte. Det har heller ikkje vore noko godt alternativ til dei minste partiledda, og ved rapportering til SSB har dette ofte kome til syne ved ufullstendig og mangelfull rekneskapsføring.
Vinteren 2020 vart det starta eit utviklingsprosjekt med Statsforvaltarens fellestenester (STAF) som utførande og med KDD, Statsforvaltaren i Vestland (SFVL), SSB og Rådmennene AS i prosjektet. Det vart utarbeidd meir enn 30 brukarhistorier som danna grunnlag for det som skulle blir Partirekneskap. No to år seinare og etter om lag 4500 arbeidstimar ser vi i STAF med stoltheit, eit rekneskapssystem med modular for å handtere inntekter og kostnader på ein måte som både vil gjera det enklare for rekneskapsførarane å bokføre og kontere rett, samtidig som dei er sikra eit korrekt grunnlag for rapportering på av bidrag i valår og årsrapporteringa.
Korleis får du tilgang til Partirekneskap?
Partirekneskap er ei digital teneste som du finn på adressa: https://partiregnskap.statsforvalteren.no/ For å kunne logge inn og ta i bruk rekneskapssystemet som rekneskapsførar eller du berre skal føre bidrag som bidragsførar, må du søke om rolle på Partiportalen. Der vel du kva for partiledd du representerer, og søker om rolla. Det er fullt mogleg å vera rekneskapsførar for fleire partiledd om nokon har behov for det.
I tillegg til rollene som bidragsførar og rekneskapsførar, kan partirevisjonsutvalet (PRU) og partileddet sin eigen revisor få tidsavgrensa tilgang for innsyn og revisjon av rekneskapen. SSB si rolle vil gjera det mogleg å behandle og publisere innrapporterte bidrag på partifinansiering.no.
Korleis bruke Partirekneskap?
I prosjektet vart det laga meir enn 30 brukarhistorier for å danne grunnlag for rekneskapssystemet og korleis bruken av Partirekneskap skal vera. Desse brukarhistoriene er omarbeidd til hjelpetekstar som rekneskapsførarane finn inn i systemet. Der finn ein steg for steg hjelpetekstar som hjelper deg i gang med oppstart av rekneskapsprogrammet, føring av inntekter og utgifter, samt gode rapportar som sikrar partileddet god oversikt over økonomien.
Partirekneskap har ei eigen side på partiportalen.no der brukarane finn tips om bruk og spørsmål og svar om bruken etter kvar som det blir behov for det. Det er SFVL som har brukarstøttefunksjonen til Partirekneskap.
Kvar finn eg meir informasjon om Partirekneskap?
Meir informasjon om Partirekneskap finn du på Partiportalen, der Partirekneskap har eigne sider.
Til slutt står det igjen å ønske alle brukarar av løysinga lukke til, og vi håpar at alle som vel å ta Partirekneskap i bruk finn det nyttig. Spørsmål og tilbakemeldingar som bidreg til at det blir eit godt og effektivt verktøy, rettar de til post@partiportalen.no, der Statsforvaltaren i Vestland handterer desse.