Utbetalingsdatoar
Ein valperiode varer i fire år, og det er nok å søke om statstilskot éin gang per valperiode. Det er likevel slik at partia kvart år må logge inn og bekrefte partiopplysningane for å få utbetalt statstilskotet.
For sentrale partiorganisasjonar og sentrale ungdomsorganisasjonar
Partia må logge inn i partiportalen.no og søke/bekrefte/oppdatere mellom 1. og 15. januar for å rekke utbetaling av 1.kvartal årleg. Den totale utbetalinga er delt over året i fire terminar. For sentralorganiasjoner er det krav om bedriftskonto.
Merk: Partia treng berre søke/bekrefte/oppdatere ein gang årleg.
Utbetaling av partistøtte 2024 (kap. 577, post 70 og 76)
Periode | Utbetalingstidspunkt |
1. termin | slutten av januar |
2. termin | slutten av mars |
3. termin | slutten av juni |
4. termin | slutten av september |
For fylkesorganisasjonar, fylkesungdomsorganisasjonar og kommuneorganisasjonar
Statstilskotet til eit parti vert utbetalt éin gang i året. Dato for utbetaling avheng av når det vart søkt om partistøtte/når partiopplysningane vart bekrefta.
Hovudutbetalinga av partistøtte er 10. mars. Det vil sei at parti som søker eller bekreftar opplysningar innan denne datoen, får utbetalt tilskotet om lag ti dagar seinare.
Parti som søker om statstilskot eller bekreftar partiopplysningar etter 10. mars, får tilskotet utbetalt etter følgande datoar:
- 1. juli
- 20. september
- 15. november
Pengane vil vere på partilagets konto om lag ti dager seinere.